tirsdag 13. januar 2009

Kan aldri vara evig...

 

 Jan2009 146

Heilt innåt skogen står det ein skigard, mosegrodd og grå.
Han er til nedfalls og søkk isaman,
men som eit minnesmerke der han står.
Ein gong var dette eit viktig stengsel
som verna åkeren mot krøtterfot.
Men ein skigard kan 'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.


Ein gamal skigard som står og vitnar om ei svunnen tid,
det er ei soge om gamal storheit,
kamp mot naturen, kamp som er forbi.
Nå vert det kjempa på andre frontar
men skigardar, det har me lell.
Ein skigard kan 'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Jan2009 147


Kva er ein skigard? Ein skigard er så mange rare ting:
Ein rad med stokkar sett som eit gjerde
eller eit stengsel i ditt eige sinn,
ein gamal fordom, eit raseskille,
hat og misunning eller aversjon.
Men ein skigard kan 'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.


Kvar du så snur deg, det er ein skigard mellom før og nå.
Ein skigard er som ei landegrense.
Ein skigard er eit stengsel for dei få,
eit hat i hjarta, eit klasseskille,
ein sjalusi, ein uvisshet, ein krig.
Men ein skigard kan 'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Jan2009 153


Har du ein skigard? Å jau, du har nok ein, for alle har
ein ting ein gjerne vil stengja ute,
ein ting ein ikkja syna vil einkvar.
Men desse stengsler treng ikkje vara,
ein skigard kan du kliva om du vil!
Ein skigard kan 'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

 

Lyrics: Stanley Jacobsen
Music: Finn Ludt

Jan2009 145

7 kommentarer:

Berit T sa...

Nydelig bilde og vakker sang.

Liker disse visen til Stanley Jakobsen. Tidligere var jeg på leit etter sangen doggdråper i desember, den synes jeg er nydelig, men fann den ikke. Må visst ta en tur på biblioteket. Har fått den på hjernen.

Ha en fin dag videre.

elle-melle sa...

Dette var flotte bilder til vakre ord.
Godt er det og at ein skigard slik som han beskriver i de siste versene ikke kan vare evig.

Stoltzen2012 sa...

Koselig sang...:o) Fikk den på hjernen med en gang!! hihi..:o)

Heidi sa...

Nydelige bilder du har i bloggen din!

Maret sa...

Så mange flott bilder du har tatt. Eg skjønner at tåka har lette for denne gong.

Ha ein fin kveld..

Anne på Moseplassen sa...

så flotte bilder da! virkelig vakkert :)

ninabakke sa...

Så fine bilder :D